Måndag vart ein stor dag for Ruben Lindberg og familien. Etter 22 år i bransjen og produksjon av 40 tonn kurv i kjellaren i huset sitt på solsida i Bagn, stod eit flunkande nytt bygg til nesten fem millionar klart oppe i lia på vestsida i Bagn. Budsjettet lydde i alle fall på dette beløpet, men god eigeninnsats hjelp frå familie og venner, har gjort det faktiske utlegget ein del lågare. Raskt har det også gått. Støypinga starta dei med i september, og måndag stod 420 kvadratmeter byggmasse klart for produksjon.
Eine kurv
– I kjellaren heime hadde me 40-50 m² til disposisjon, så no blir det betre plass, meinte Ruben Lindberg. I nybygget får han 90 m² til sjølve pølseproduksjonen, og 90 m² til pakkeriet. Det ligg dermed an til god auke av Eine-kurven framover. Merkevarenamnet spelar på einerbær som er ein viktig ingrediens i kurven. Det blir laga seks variantar; tre med viltkjøt, to med storfe og ein med sau. Storfekjøtet får han hovudsakleg frå Nortura, medan viltkjøtet av elg, hjort og rein (Filefjell), er lokalt. – Kurven blir framstilt på den gamle, tradisjonelle måten. Tørkinga skjer i låvar som ligg minst 500 meter over havet, her er dei klimatiske forholda med turr og god luft ideelle, fortalde Ruben Lindberg.
Familien viktig
Flankert av kurvegründer Ruben Lindberg og ordførar Kåre Helland, skar Torunn Aass Taralrud frå Innovasjon Norge over kurven som symbol på opninga av nybygget som skal kunne produsere opp til 200 tonn kurv. Kjørbar sjampanje, rummegraut, spekemat, kake og kaffe til 40-50 frammøtte, forutan takkens ord frå sjefen med gode ord, blomster og gåver i retur frå dei mange støttespelarane. – Dette er ein stor dag for oss. Det er lenge sidan det har vorte opna ei ny kjøtbedrift i Norge, og lenge sidan eg som ungdom starta hjå Stabbur-Nilsen i Fredrikstad, sa Ruben Lindberg. – Rakel lokka meg hit opp, og no har me drive med kurv i 22 år i kjellaren. Eg vil takke kone og born for at me har kome dit me er i dag.
Les mer her: http://www.valdres.no/no/aktuelt-og-ver/nyheitsarkiv/1414-ny-tid-for-kurv-fra-valdres.html
6. september 2024 0
31. mars 2024 0