Laurdag 2. april blir Valdreskappleiken 2011 arrangert på
Sør-Aurdal ungdomsskule på Bagn.
Det er Begnaljom spel- og dansarlag som står for kappleiken, som er ei tevling i folkemusikk og runddansmusikk med tilhøyrande fest og dans.
Kappleiken plar samle unge og eldre utøvar frå heile Valdres, og i blant kjem det også tilreisande for å måle seg med valdresspelemenn og dansarar.
Mellom kappleiken og festen blir det også tid til ein konsert med følgjande lokale utøvarar:
Erland Joplassen, Daniel Storengen, Gudbjørg Fønhus Stensrud, Langeleik gruppe og Begnaljom Spelemannslag.
Les meir om program, prisar og påmelding her:
Fest med finalekonsert
Det meste av kappleiken går på dagtid, medan kvelden er tid for konsert, premieutdeling og dans etter orkester og spelemenn, både runddans og bygdedans. Men litt tevling er lagt til kveldstid, for då blir det finalespel. Årets runddanspar skal også kårast under dansefesten. Her kan alle runddansglade slenge seg med meir eller mindre på sparket.
Påmelding
Tevlingsleiar Runar Kolsrud oppmodar alle folkemusikarar og dansarar om å melde seg på så fort som råd. Bruk nettadressa www.paamelding.folkemusikk.no . Skulle nokon få hug til å delta på sparket, opnar han for påmelding fram til kl 14.00 laurdag 2. april. Bli med og lag ein minnerik kappleik, anten som deltakar enn publikum, avsluttar han.
Program
Kappleikskontoret opnar kl 11.00
Kappleik 12.00 – 17.00
Konsert med lokale utøvarar 18.00 – 19.00
Premieutdeling 19.00 – 19.30
Finalespel ca. 19.30
Danselæte ca. 20.00 – 24.00
Kåring av beste runddanspar mellom 22.00 og 22.30
Inngang og påmelding:
Vaksne kr. 130
Ungdom (12-18 år) kr. 100
Born (0-12 år) gratis
Billetten gjeld både på dagtid og for festen om kvelden.
Arrangør er Begnaljom spel- og dansarlag.
Karen M. K. Garthus
Tlf 48025964
6. september 2024 0
31. mars 2024 0