Torsdag 22/4 inviterer konfirmantane i Bagn,Reinli og Leirskogen til Gudsteneste i Bagn Kyrkje klokka 19.30
Gudstenesta blir leia av barne og ungdomsarbeidar Helge Hafsås og sokneprest Hartberg deltar også.
Denne gudstenesta er ikkje berre for ungdom,men det er ungdommane som har laga innhaldet i gudstenesta og dei vil aktivt delta med tekstlesing,song,forbønn og andre innslag. Temaet for gudstenesta er Michael Jackson og Gud – konge på kvar sine måtar. Vi håpar mange tek turen til Bagn kyrkje denne kvelden som også vil innehalde nattverd og offer til Barne og Ungdomsarbeidet i Sør-Aurdal