Er dette Noreg sin lettast tilgjengelege fjelltur?
Friarvegen er ei smal, luftig fjellhylle som ligg rett ovanfor Eid kraftverk. Sjølve fotturen byrjar 30 sekunds køyring frå E 16. Ta av der det står Åsen og køyre til fyrste skarpe sving. Av ein eller annan grunn er det laga fleire parkeringsplassar i denne svingen. I yttersvingen er det to traktorvegar. Følg den brattaste vegen. Denne vegen vil via traktorveg, gamal hesteveg og noko ny sti ta deg til Friarvegen. Sjølve turen kan ikkje tilrådast til dei som slit med Besseggen eller Knutshøi. Stien går på ei smal fjellhylle der det er 70 m loddrett fjellvegg opp på venstresiden i starten, og 70 meter fjellvegg ned på høgresida på slutten. Stigen kan på ingen måte tilrådast når det er vått og sleip i terrenget.
På toppen er det eit hogstfelt der det finnes nokre eksemplar av stussestubbar. Etter ei luftig fysisk er det godt å sette seg på ein stubbe for å stusse over mangt og mykje. Eg stusser ofte over at det er så mykje lettare å gå opp enn ned. Til dags dato har eg ikkje gått ned Friarvegen, men valt å følgje merkinga til Åsebygdvegen og følge denne ned til bilen. Heile turen tek ca 1.5 time.
Friarvegen fekk namnet sitt etter friarferda til Kristofer Olson Eid, ordførar i Sør-Aurdal frå 1927 til 1930 og nokre år under krigen. Kristofer vart fødd i Eid i 1879. Han var eldste gut på denne garden som ligg aust for Begna. Kristofer hadde eit godt auga til einaste borne og følgjeleg odelsjenta i Åsen. Snaraste vegen mellom desse gardane var over den gamle hengebrua ved Eid og opp denne berghylla som no heiter Friarvegen. Friarferda var vellukka og Kristofer gifta seg med si Kari. Dei overtok garden Åsen. Kristofer budde i Åsen til han døydde i 1953. Det kan og nemnast at friarferda enda med heile 8 born.
http://www.flickr.com/photos/kjellarneberntsen/sets/72157624990673803/
Ølnesæter:
Stavadalen
Valdrestunet: