Om du ser etter fine turar, så må du klikke deg inn på vala du får når du held musepekaren på linken turer. No er det ikkje så mange turar som ligg ute enno, men i samband med bolystprosjektet Bagn IL driv er målet å få ut 50-60 turar i løpet av 2013.
Hovudmålet med turgaidane er å gje deg ein ide til nye turar. Det er ingen poeng med turgaidar til mål du kjenner godt. Dette medfører at det er stor variasjon i turane. Nokre turar kan gå på flotte stiar i fantastisk høgfjellsterreng, medan andre kan gå i tett barskog. Nokre stader må du kanskje bære sykkelen din, mens andre turar går på asfalt. Vi prøver å gje eit innblikk i turens eigenart i gaidane, men det er ikkje sikkert vi lykkas. Dersom du har innspel til turar som manglar, eller manglar på turar som er med, så kontakt Jørn Damslora (93468644), leiar av bolystprosjektet. Han elskar å prate om turar i og rundt Sør-Aurdal.