10. september 2014 admin Bagn IL, Lokale Nyheter, Ukategorisert 0
Bagn IL sitt treningssenter opnar på måndag 15 september, og har ope dag på syndag frå 14-18!
Treningssenteret vil ha ope for alle medlemmer frå klokka 06.00 til 2300 alle kvardagar og frå 0800-2000 i helga og på helligdager. Senteret er ubemanna, men det vil vera hyppige kontrollar og tilsyn.
Treningssenteret inneheld eit kondisjonsrom i fyrste etasje med to tredemøller, spinningsyklar, ergo syklar, elipsemaskin, romaskin og to slynger. I tillegg har me plassert to styrkemaskiner for bein her oppe, samt at me har ein liten kaffekrok.
I kjellaren har me styrkerommet vårt, der me finn frivekstutstyr, manualar frå 1 til 34 kilo, og ein del styrkeapparater med vektmagasin. Dette er nedtrekk, cable cross, romaskin, brystpress og skulderpress. I tillegg finn du utstyr til knebøy, mage, power tower og benkpress. I kjellaren er det også to garderober samt toalett. Det vil også på sikt komme ein dusj, og om det blir nok medlemmer vil det komme fleire dusjar og meir utstyr.
Prisar:
Det vil koste kroner 250 kvar månad om ein kjøper årsmedlemskap pluss innmeldingsavgift på 200, men ut året har me eit tilbod på kroner 800 inkludert innmeldingsafgift. Då kan du trene så mykje du vil ut året! Berre møt opp på senteret på syndag eller fyll ut følgande skjema MEDLEMSBETINGELSER BAGN IL TRENINGSSENTER
Du må også betale inn 800 på vårt kontonummer eller direkte på vår bankterminal på syndag.
Kontonummer: 1604 08 89489
Du må også skrive under Branninstruks Bagn Idrettslag Treningssenter.
Alle skjema kan leggas i ein konvolutt og merkas treningssenter og leveras på Valdres Mathus, så vil ein få beskjed når nøkkel er klar på sms.
Hugs at betaling må vera gjort og at du må vera medlem i Bagn IL for å få nøkkel til senteret!
Noko du lurer på? Ring Espen Blåfjelldal på 9623 4211!