Tekst: Karen M. K. Garthus
Flott spel, ledig dans og god mat var viktige ingrediensar under Valdreskappleiken på laurdag. Kappleiksgjengen melder om godt besøk, noko som resulterte i godt billettsal god omsetjing i kafeen. Før kappleiken var over kl 17.00 hadde kjøkengjengen allereie oppnådd den same innteninga som fjorårets kappleik hadde totalt.
For Valdreskappleiken på SAUS i helga hadde stort oppmøte av både kappleiksdeltakarar og -tilskodarar. Særleg var mange unge frå heile Valdres og Ringerike med på tevlinga. Dette gav god underhaldning og god stemning for alle involverte. Festen på kvelden var også godt besøkt, og særleg fullt vart det på dansegolvet då gruppa Valdresspel med Ingunn Bjørgo, Bente Midtsveen, Olav Tronrud og Jan Beitohaugen Granli spelte til dans. Under denne sekvensen kåra også dansedommarane beste runddanspar, som i år vart Inger Karin og Ingvar Sletten.
På festen om kvelden var det også tid for finalespel, der vinnarane av dei individuelle klassene frå kappleiken fekk tevle om å bli vinnar av heile kappleiken. Klassevinnarane var Jan Beitohaugen Granli (spel – hardingfele), Ole Kristian Nyhagen (eldre folkemusikkinstrument – bukkehorn), Hæge Manheim (dans – telespringar) og Stian Roland (vokal).
Klassevinnarane blant juniorane var: Håkon Aasen (dans), Lene Kulhuset (langeleik), Andris Hemsing (hardingfele), Oddbjørn Kolsrud (torader), Hannah og Mariann Kvernberg Dajani (vokal) og Valdres juniorspelemannslag.
Begnaljom spel- og dansarlag utmerka seg også på resultatsida, med at langeleikgruppa vann klassa for gruppespel. Og på festen på kvelden spelte Begnaljom spelemannslag så det ljoma langs Begna!
Se resultatliste her: VALDRESKAPPLEIKEN 2011
6. september 2024 0
31. mars 2024 0