Fredag 25.april var det ingen som trong ha med matpakke på Bagn skule. Bagn og Reinli sanitetsforening ville spandere skulelunsj på alle denne dagen.
Det var sju godt førebudde damer som møtte opp på skulen. Med seg hadde dei brød, pålegg og frukt i store mengder. Havregraut vart kokt i store kjelar. Grauten var faktisk så populær at dei måtte koke meir i løpet av dagen for å halde grautekøen i sjakk.
Det var mange fornøgde elevar som forsvann ut i matfriminuttet med eit ønskje om at dette gjerne kunne bli eit fast tiltak. Sanitetsdamene var også fornøgde då det omsider var deira tur til å nyte lunsjen.
6. september 2024 0
31. mars 2024 0