• Begnadalen.no
  • Hedalen.no
  • Hjem
  • Om Bagn.no
    • Noe du ønsker lagt ut?
    • Vannføring Begna
    • Webkamera
    • Gamle sider
    • Severdigheter
      • Turer
        • Sykkelturer
        • Fotturer
          • Makalaus 1099 moh
          • Kristiansmokollen
          • Fønhusstien
  • Foreninger
    • Bagn Idrettslag
      • Om Bagn IL
        • Styret i Bagn IL 2023
          • Årsmøtedokumenter
          • Vedtekter for Bagn idrettslag
        • Medlemskap
        • Innmelding Bagn Idrettslag
        • Klubbartikler
        • Fossvangområdet
          • Innsamlingen
            • Andelsoversikt Idrettshallen
      • Ski
      • Innmelding Bagn idrettslag
      • Kongsvegrittet – terrengsykkelritt
        • Sykkel
      • Tur og Trim
      • SA-posten
      • Sider Bagn Idrettslag
    • Bagn Vel
    • Bangsmoen Husflidsutsalg
  • Bruktmarked

Revy, sett i nytt lys

21. februar 2011 Anne Kultur 0


Anmeldt av Jørn Damslora

Nok en gang greidde revygruppa å engasjere og underhalde publikum. Eit publikum som var større enn nokon gong. Til saman på dei tre forestillingane var vi ca. 800.

Det som vart vist på scena var variert stoff med songar, sketsjar, parodiar, dans og historiske tilbakeblikk. For min del var det største høgdepunktet Fjerne bart´n, der ei morosam tekst om Kåre Helland sine utsegn i forhold til tunnel ved Bergsund vart framført på ein framifrå måte av Magnus Leite og Espen Bragerhaug.    At Nikolai Øyhus, Signe Marie Hagen og Ole Fønhus kan sine saker er noko alle som hugsar HFFMF veit.

Mirian Øyhus Mikkelsgård vet hva turistene vil ha. "Ola" må fint stille i bakgrunnen.

Til glede for dei tre nemnte og alle oss andre vert det tydlegare og tydlegare at mange av dei yngre og etter kvart kan dra i land eit nummer gjennom godt spel. 

Både Mirian Øyhus Mikkelsgård, som den relativt enkle dama Doris, og Kari Sørbøen, som revysjef og songar, viste at dei kunne kle heile scena aleine.

Bjørnar Sørbøen skulle vi gjerne sett mer av. Her som lett gjenkjennelig Mikael Fønhus. Kåre Helland (Frode Veglingsrud), Anne Kvaal (Anne Storsveen) og ny prest i bygda, Signe Kvåle (Bjørg Ingrid Brenno) lytter høflig.

Det var nok heller ingen av dei som kjenner Mikael Fønhus som greidde å halde attende latteren då Bjørnar Sørbøen entra scena, fyrst som Mikael Fønhus, revyinstruktøren, og seinare som Fønhus, representant for næringslivet.

Det var og tydeleg at dei ungdommane som har vore med nokre år, byrjar å bli varme i trøya. Dette merkast godt ved at daupunkta,etter mi meining, var fråværande i årets revy. Dette tyder godt for seinare førestillingar. Eg er av dei som kosar meg med ungdommar si utvikling anten det er på skulen, fotballbanen eller scena. Eit stort augneblink for meg var då Mia Biribakken og Anne Storsveen sto åleine på scena og song. Dei gjorde det bra, og dei hadde neppe turt det for to år sidan. Sosionomen  Ingvild Råheim greidde og på ein glitrande måte å jage oss alle ut i Glashuset til ei 30 min lang pause. Det er absolutt fleire av dei unge skodespelarane som burde nemnast med namn, men i frykt for å gløyme nokon, stoppar eg her. 

Anne Storsveen og Mia Biribakken

Sosionomen Ingvild Råheim med kurs i konflikthåndtering for mer eller mindre interesserte tenåringer. Jørn Damslora (Aslak Brustad) visste å provosere.

Haugerud (Mette), Haugen (Malin), Heiene (Jorid) = Trippel H, bidro med stødig dans...

..mens i andre rytmeinnslag gikk det litt mer over stokk og stein etterhvert.
Et av mange høydepunkt: «Kåre» har akkurat klart å overtale en motvillig Helge Hartberg (Ole Listerudbakken) til å hilse på den nye, kvinnelige presten.
De va ei anna ti. Fint, nostalgisk innslag av Nikolai og Karsten.
Nok et høydepunkt:  Nils Arne Bergsund (Nikolai) finner en fredelig løsning på fastlåst grensetvist mellom karene fra Nordigar’n (Espen Bragerhaug) og Sygar’n (Frode Veglingsrud). Artige karakterer.  Bjørn Gustavsen (Karsten) prøvde seg også som megler. 

X-faktordeltaker og revyforfatter Ola Fønhus.

Husbandet. Magnus Leite, Mads Moe og Espen Bragerhaug (Ola Fønhus utenfor bildet).

Revysjef Kari A. Sørbøen leverte varene og har all grunn til å være stolt av årets revy.

Av dei bak scena byrjar det å verta ein fast stab. Dette ser ikkje vi som sit i salen, men det merkast gjennom raskare sceneskift og tryggare skodespelarar. Som eg nemnte, likar eg å sjå utvikling hjå folk, og syntest det var rart då garderobearbeidar og medlem i forfattargruppa, Ole Listerudbakken entra scena under velkomstsongen. Overraskinga var endå større då han plutseleg satt åleine på scena og framførte historia om Jens i Plassen. På ei anna side er det lett å forstå at entusiasmen og spelegleda smittar over på dei som er bak scena, og plutseleg viser dei skjulte talentar.

Det var og lett og spore engasjementet hjå lyd- og lysfolket, som alle ville gje seg etter førre revy då det rauk av koplingsboksane og skurra i mikrofonane. Det er moro å jobbe med utstyr som verkar. Med 250.000 i støtte frå Sparebankstiftelsen, har Bagn IL investert mykje i lys og lyd. Utan denne gåva hadde det truleg ikkje vorte ein fjerde revy, men no pratar ein del av revygruppa om ein femte revy. Eg gledar meg allereie. 

Fekk du ikkje med deg årets revy, eller har du eit ynskje om å sjå han ein gong til, så kjem revyen snart på DVD.

PS.  Har du kommentarar til saken, så send dei på mail. Eg anar ikkje kor telefonen min er…

Revysjef:  Kari Albertsen Sørbøen

Instruktør:  Bjørg Ingrid Brenno

Forfattergruppe:  Ole Listerudbakken, Ola Fønhus, Else Turid Storsveen og Kari A. Sørbøen.


Brikkene faller på plass for Fønhuskoia! Dansekvelder for mennesker med spesielle behov

Skriv et svar Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

Relaterte artikler
  • Årsmøte Bagn idrettslag mandag 31/3 kl 19
    Årsmøte Bagn idrettslag mandag 31/3...

    10. mars 2025 0

  • Romjulscup i Futsal lørdag 28. desember
    Romjulscup i Futsal lørdag 28.

    27. desember 2024 0


Bagn - Valdrestunet: Valdrestunet Bagn - Ølnessæter: Ølneseter

Hva skjer?

There are currently no events.
Copyright 2023Bagn.no / All rights reserved - post@bagnil.no for innlegg