Tor Morten Røhr går av med pensjon etter mange år som inspektør og rektor ved SAUS. Jan Henrik Bakke, som forøvrig tar over som rektor, skrev dette i anledning Tor Mortens avgang:
Tor Morten Røhr har bestemt seg for å avslutte ein lang arbeidsdag i skulen når dette skuleåret no er slutt.
Tor Morten har arbeidd ved fleire skular, men det er SAUS som har vore arbeidsplassen hans i mange år no. I fleire år var han rådgjevar og inspektør ved skulen, før han tok over rektorstillinga. Det har ikkje mangla på utfordringar i hans leiartid: SAUS var ”på legd” i eitt år medan skulen vart totalrenovert. Både ut- og innflytting baud også på store utfordringar, der rektor måtte ta langt meir ansvar enn det som var planlagt. Undervisningsmodellen ved SAUS er også lagt heilt om i hans ”regjeringstid”, og lærarane har støtt kunna rekne med velvilje og støtte frå sjefen når dei ville prøve nye pedagogiske løysingar.
Lange arbeidsdagar har aldri skremt han. Den som har eit ærend seint om kvelden, ser ofte at det lyser på rektors kontor. Lojalitet og ansvarskjensle får han til å ta både dag- og nattskift i travle periodar.
Som personalleiar utmerkar han seg ved utstrekt tillit til medarbeidarane sine, ved eit uoppsliteleg godt humør, og ved sin evne til å få folk til å trivast på jobben, og kjenne seg som viktige medspelarar i skulesamfunnet.
Fordi han er så lite oppteken av personleg prestisje, er det lett å oversjå at Tor Morten er ein røynd skulemann med godt oversyn over dei mange reglar og føresegner som gjeld i skulen. Spør du han om råd, vil du oppleve at du får godt gjennomtenkte og reflekterte svar. Dersom du i tillegg spør om eitt av dei mange spesialområda hans (lokalhistorie, folkemusikk, turforslag for berre å nemne nokre få), kan du dessutan få temmeleg omfangsrike utgreiingar!
Eg veit ikkje om Tor Morten har noko motto, men eg meiner i alle fall at eit viktig karakterdrag ved denne mannen er at han er glad i menneska rundt seg.
Det er heilt karakteristisk for han at han inviterte heile kollegiet ved SAUS til si eiga hytte på Sjusjøen, der vi hadde den siste planleggingsdagen for året!
Jan Henrik Bakke
6. september 2024 0
31. mars 2024 0