29. januar 2014 Anne Kultur, Lag og foreninger 0
Denne helga skal Valdres Bygdeungdomslag arrangere Oppland bygdeungdomslags vinterstemne på Bagn. Norges Bygdeungdomslag er ein frivillig organisasjon av og for ungdom som skapar aktivitet på bygda i store delar av landet. I Oppland står bygdeungdomslaget sterkt og engasjerer mange. Valdres bygdeungdomslag er sjølvsagt stolte av å skulle arrangere vinterstemne, ei tevlingshelg for ungdom frå heile Oppland. Det skal blant anna tevlast i motorsag, blautkakepynting, borddekking, swing og spekematanretning. Arrangementet avsluttast med bankett – så det er eit variert program for alle som deltek. Vinterstemnet går føre seg på SAUS på Bagn nå til helga, den 31. januar – 2. februar. Det er rekna med at det kjem omlag 50 ungdommar frå heile Oppland til Valdres denne helga og i tillegg håper dei å engasjere flest mogeleg lokale ungdommar.
6. september 2024 0
31. mars 2024 0