15. april 2014 admin Bagn IL, Bygdeutviklingsprosjektet, Idrettshall & Kulturhus 0
Bagn IL har som mål å bygge eit treningssenter i Bagn Sentrum i løpet av forsummaren, og forprosjektet er no godt i gang. Men for å få til eit godt treningssenter, så treng me godt utstyr!
No trur me at det finnes ein del pent brukt utstyr tundt i ein del heimar rundt Bagn, og om det finnes nokre som vil kunne tenke seg å donere bort utstyr eller låne det bort til me kjem skikkeleg i gang, så sett me stor pris på det. Men kva treng me?
– Vekter og vektstenger, 50 mm(olympisk) og 25 mm
– Gode spinningsykler
– Treningsbenker og nedtrekksapperat
– Romaskiner og stakemaskiner
– Ellers utstyr som tåler å stå på eit treningssenter!
Me har allerede fått låne nokre vekter og stenger, så om det er andre som vil vera med å gje eit treningssenter ein så god start som mogleg sei ifrå til espen@valdresmathus.no eller på telefon 96234211
6. september 2024 0
31. mars 2024 0