24. september 2014 Anne Lag og foreninger 0
Bare ein gong tidligare har Bagn Vel fått inn meir pengar gjennom medlemskontingent. Vi er veldig glad for støtta vi har hjå verksemder, privatpersonar og kommunen.
Førre sumar brukte vi pengane våre på eit større arbeid skråninga framfor biblioteket. Det er godt å høyre at fleire enn oss i styret synes det vart penare der. I sumar har mykje av energien vår gått med til vedlikehald av det vi har og innsamling av pengar til neste store prosjekt.
Det neste store prosjektet er no i startgropa. Så snart Jan Dokken har høve vil vi byrja på skråninga mellom Prix sin parkeringsplass og Gamle E16 startar arbeidet. Tujaer og høgt gras skal erstattas av bark, elvestein og låge planter. Bagn Vel ynskjer at Bagn sentrum skal sjå pent og einsarta ut. Med 1 % av all skogen i Noreg og om lag 1500 vatn meiner vi at bark og elvestein fortel noko om kommunen i tillegg til å pynte opp.
Dersom du ynskjer å vere medlem, men ikkje fekk giro i år eller har forlagt den så kan du betale til Bagn Vel 6185.56.59904 (Hugs namnet ditt). Er du privatperson så er kontingenten 150 kr. Kontingenten til verksemder er 500 kr, medan butikkar i Bagn sentrum har ein kontingent på 900 kr.
Vi i styret lovar at du får eit penare Bagn for medlemskontingenten din.
6. september 2024 0
31. mars 2024 0