24. mai 2013 admin Konkurranse - Hvor er dette? 0
Går det som eg håper, så er dette Sør-Aurdal sin mest kjente stad om nokre år. Eg har traska mange stader i mange land, men aldri har eg gått ein så utfordrande sti som er så lett tilgjengeleg. Veit du namnet på stien eller kor den ligg, så send svaret til bygdeutvikling@bagn.no innan 07.06 d.å.
Svaret 10 mai var Piltingsrudhula. Pedor Piltingsrud hadde eit ynskje om å gravleggast i denne hula. Hula er eit av mange fleire kulturminner Pedor Piltingsrud etterlet seg. Bagn er vel det største og mest kjende. No er det vel ei overdriving å seie at Piltingsrud skapte Bagn, men eg kjenner ikkje til nokon einskild person som har større innverknad på utforminga av Bagn. Kjenner du ikkje historia til vår eigen Kjell Inge Røkke, så tilrår eg Sagn og Soge eller flygarane frå Piltingsrud.
6. september 2024 0
31. mars 2024 0