I så fall – hjelp oss med å leite fram fysiske minner frå dette ti-året!
60- talet var Cuba-krise, Beatles, Twiggy, lårkort, respatex-bord med skai-trekte stålrørs-stolar, fjernsyn med sjalusidører, pastellfarga biler og mykje meir. Tiåret blir tema på årets Sommarstemnet på Bagn Bygdesamling den 9. juni. Vi vil mimre om lokale, nasjonale og internasjonale hendingar, musikk, mote, interiør, motorkjøretøy m.m.
Nokon er flinke til å ta vare på gamle klede og ting. For at dette historiske tilbakeblikket skal bli så korrekt og dekkjande som mogeleg, og også morosamt, er vi avhengig av at det finst folk ”der ute” som kan låne ut noko av det dei måtte ha tilgjengeleg av slike minner til Bagn Bygdesamling.
Har du – og vil du? Ta kontakt med: Liv Haldis Hovdet tlf 95 10 67 42,
Einar Mosleth tlf 91 75 65 67 eller Bjørg Dokken tlf 47 63 07 17
Store idoler på 60-talet: Beatles og radmagre Twiggy
6. september 2024 0
31. mars 2024 0