Det er no 200 år sidan Noreg fekk si eiga grunnlov. Dette skal feirast over heile landet og gjennom mykje av året året. Starten går sundag 23. februar.
Bagn kyrkje hadde ei viktig rolle. Den 25. februar 1814 var det ekstraordinær bededag i mange kyrkjer i Norge. Bagn Kyrkje vart då utpeika saman med mange andre som valgkyrkje. Her skulle det vere valg av valgmenn som skulle velje utsendingar til riksforsamlingen på Eidsvoll. I Bagn vart prest Hans Jacob Stabel valgt ut. Han vart også utpeika til å vere med i riksforsamlinga på Eidsvoll. Av totalt 14 prestar på Eidsvoll var altså presten vår ein av dei.
Dette må markerast, og difor blir gudstenesta på Bagn den 23. februar ei spesiell gudsteneste. Den set 1814 på dagsorden og heidrar dei som var med å gjere Noreg til det vi er idag.