18. desember 2010 Anne Bagn IL 0
Tilbodet Bagn IL gjev kvart år er summen av innsatsen til eldsjelane våre. For n`te år på rad slit valkomiteen til Bagn IL med å finne velvillige kandidatar til leiarvervet i fotballgruppa vår.
Førre året måtte styret ty til naudløysinga å sette dagleg leiar inn i vervet. Dette er korkje økonomisk forsvarleg eller mogeleg i år, da vi ikkje lenger har dagleg leiar.
Vi i styret har i fleire år jobba med å redusere mengda verv i Bagn IL. Vi har og jobba mykje for å redusere mengda dobbeltarbeid i organisasjonen. Ein av grunnane til dette fokuset er erkjenninga av den stadig hardare kampen om eldsjeler. Det vert fleire og fleire verv og færre og færre Sør-Aurdøler å dele verva på.
Styret i Bagn IL tenkjer at tilboda vi skal ha i Bagn og Sør-Aurdal må følgje naturlovane. Dei organisasjonane som folk brenn for overlever. Dei tilboda ingen vil ta ansvar for må leggast ned.
Styret i Bagn IL ynskjer ikkje at fotballtilbodet vert borte, men det er ingen i styret som føler at leiarvervet i fotballgruppa er noko dei vil taka attåt det dei har i dag. Ein konsekvens av dette er at Bagn IL ikkje meldar på nokon lag før ein fotballgruppeleiar er på plass. Den fyrste påmeldingsfristen var 15. desember.
At Bagn IL ikkje melder på nokon lag før leiar av fotballgruppa er på plass kjem av den enkle orsaka at all erfaring tilseier at det vert veldig mykje arbeid for andre eldsjeler i idrettslaget dersom vi ikkje har ein fungerande person i leiarvervet i fotballgruppa.
Leiaren har ansvaret for:
– all kontakt med fotballkretsen,
– å ivareta fotballgruppa sine saker i hovudstyret
– å formidle hovudstyret sine saker i fotballgruppa
– å koordinera arbeidet i fotballgruppa.
Ein fordom mange har, er at dei trur at leiaren i fotballgruppa har ansvaret for å finne oppmenn og trenere til alle lag. Dette er i all hovudsak foreldregruppa sitt ansvar. Bagn IL organiserer barn og unge, vi adopterar dei ikkje.
Har du forslag til løysing på utfordringa eller namn på kandidatar til vervet vert leiar av valkomiteen , Odd Henning Vilhelmshaugen 99542934, glad for innspel.
Styret i Bagn IL
6. september 2024 0
31. mars 2024 0