Tekst og foto: Gunhild Vegstein Leite
Torsdag 22.mai var ein dugnadsgjeng samla på Bagn Bygdesamling. Både tilsette og friviljuge brukte ettermiddagen og kvelden til å rake, vaske og montere utstilling til sesongopninga 14.juni.
Vegarbeidet ved Bygdesamlinga var kome såpass langt at det var klart for å rake og førebu såing av grasplen ved muren som no er sett opp. I august blir det kurs i å setje opp skigard, så då kjem skigarden opp att.
Husa trengde både vask og støvsuging innvendig etter vinteren. 14.juni er det sesongopning med familiedag og museumstemne. Tema i år er «Grunnlovsjubileet – 1814 sett med lokale auge». Utstillinga som vart montert i Stabelbygninga vil vise noko av det.
Kvelden vart avslutta med ei enkel servering etter at Ole Aastad Bråten takka Kristian Bergsund for innsatsen i styret i Valdresmusea.
Foto over: Trygve, Steingrim, Svein, Kristoffer, Knut og Mikael pynter mot E-16.
Under: Bjørg og Bjørg Ingrid kvier seg ikke for å svinge vaskekluten.
6. september 2024 0
31. mars 2024 0