Sidan 1976 har Tor Morten sett 10. klassinger forlate SAUS rundt denne tida på året. Det har alltid vore vemodig å seia farvel. Ekstra vemodig var det torsdag. Aldri hadde han opplevd ei så snill klasse.
Tor Morten poengterte sjølv at mykje pent var sagt på 10. klasseavslutningar gjennom tida, utan at alt var sant. Denne gongen kunne all rosen komma rett fra levra.
Elevane fekk meir velfortjent ros. For denne treningsnarkomane samen av en konfransier, som i følgje seg sjølv ikkje er same, ikkje treningsnarkoman eller konfransier, men lærar, var det fyrste gongen han hadde ei klasse der ingen hovuder øydela for dei andre. For å understreka kor snill klassa var, fortalte Morten at 3 lærarar var 2 meir enn naudsynt når klassa var i Kroatia. Gjennom bilder og video ga Eivind Olmhus oss eit innblikk i korleis Kroatiaturen var. Dei to overflødige lærarane ville heilt sikkert ikkje vore turen forutan.
I tillegg til bilder fra Kroatiaturen fekk vi som var invitert sjå mykje god underhaldning. Klassa framførte sangar dei hadde dikta sjølv, det var sketsjar, det var taler og parodiar. Assistenten i klassa, Kristin, hugsar alltid fotoapparat. Ho hugsar også å melde seg som frivillig til alle utfluktene Morten dro i gang. I ein lysbildeserie ho hadde laga, fekk vi sjå ungdommar som isbada, padla kano, leika i snøen, sette opp og reiv lagstelt, sykla, vassa og et. Ungdommane følte seg alltid trygge på tur med Morten. Dei visste at om nokon skulle skada seg, så tok læraren den oppgåva.
Då rektor var ferdig med utdelinga av vitnemål, sjølve symbolet på at tida på SAUS er over, var det ein del våte auge å sjå.
No skal denne fantastiske gjengen ut i den store verda. Kvar for seg, men med mange gode minner etter 3 år på SAUS. Vi ynskjer dykk lykke til i den store verda.
Tekst: Jørn Damslora Foto: Runar Kolsrud
6. september 2024 0
31. mars 2024 0