14. mai 2009 admin Ikke kategorisert 0
Barne- og ungdomskontakten minnar om www.psykisk.no, ei side som handlar om ting som kan væra vanskeleg for barn og ungdom. Her finn du gode råd om kva du kan gjera om du har kjærleikssorg, om du blir mobba, om du kjenner nokon som skadar seg sjølv, om du har dårlig sjølvtillit og mykje anna.
Eit viktig råd er å fortelja nokon om det som er vanskeleg! Det kan væra ein lærar du har eit godt forhold til, helsesøster, mamma og pappa, ei god venninne. Eller barne- og ugdomskontakten! Eg er lett å få tak i, ring eller send ei melding til 91 66 33 08, du kan også sende ein e-post til mari.bergum@sor-aurdal.kommune.no .
Du bestemmer sjølv kva du ynskjer å fortelja, og det treng ikkje vera noko alvorleg. Nokon gonger er det godt å ha nokon vaksne å prate med om ting som for eksempel venner, familie og skule. Om du vil møte meg, avtalar vi ei tid som passar, det kan vera i skuletida, etter skula eller på kvelden.
Ta kontakt! Ingenting er for dumt å spørja om!
Helsing Mari
6. september 2024 0
31. mars 2024 0