21. februar 2011 Anne Kultur 0
Nok en gang greidde revygruppa å engasjere og underhalde publikum. Eit publikum som var større enn nokon gong. Til saman på dei tre forestillingane var vi ca. 800.
Det som vart vist på scena var variert stoff med songar, sketsjar, parodiar, dans og historiske tilbakeblikk. For min del var det største høgdepunktet Fjerne bart´n, der ei morosam tekst om Kåre Helland sine utsegn i forhold til tunnel ved Bergsund vart framført på ein framifrå måte av Magnus Leite og Espen Bragerhaug. At Nikolai Øyhus, Signe Marie Hagen og Ole Fønhus kan sine saker er noko alle som hugsar HFFMF veit.
Til glede for dei tre nemnte og alle oss andre vert det tydlegare og tydlegare at mange av dei yngre og etter kvart kan dra i land eit nummer gjennom godt spel.
Både Mirian Øyhus Mikkelsgård, som den relativt enkle dama Doris, og Kari Sørbøen, som revysjef og songar, viste at dei kunne kle heile scena aleine.
Det var nok heller ingen av dei som kjenner Mikael Fønhus som greidde å halde attende latteren då Bjørnar Sørbøen entra scena, fyrst som Mikael Fønhus, revyinstruktøren, og seinare som Fønhus, representant for næringslivet.
X-faktordeltaker og revyforfatter Ola Fønhus.
Av dei bak scena byrjar det å verta ein fast stab. Dette ser ikkje vi som sit i salen, men det merkast gjennom raskare sceneskift og tryggare skodespelarar. Som eg nemnte, likar eg å sjå utvikling hjå folk, og syntest det var rart då garderobearbeidar og medlem i forfattargruppa, Ole Listerudbakken entra scena under velkomstsongen. Overraskinga var endå større då han plutseleg satt åleine på scena og framførte historia om Jens i Plassen. På ei anna side er det lett å forstå at entusiasmen og spelegleda smittar over på dei som er bak scena, og plutseleg viser dei skjulte talentar.
Det var og lett og spore engasjementet hjå lyd- og lysfolket, som alle ville gje seg etter førre revy då det rauk av koplingsboksane og skurra i mikrofonane. Det er moro å jobbe med utstyr som verkar. Med 250.000 i støtte frå Sparebankstiftelsen, har Bagn IL investert mykje i lys og lyd. Utan denne gåva hadde det truleg ikkje vorte ein fjerde revy, men no pratar ein del av revygruppa om ein femte revy. Eg gledar meg allereie.
Fekk du ikkje med deg årets revy, eller har du eit ynskje om å sjå han ein gong til, så kjem revyen snart på DVD.
PS. Har du kommentarar til saken, så send dei på mail. Eg anar ikkje kor telefonen min er…
Revysjef: Kari Albertsen Sørbøen
Instruktør: Bjørg Ingrid Brenno
Forfattergruppe: Ole Listerudbakken, Ola Fønhus, Else Turid Storsveen og Kari A. Sørbøen.
6. september 2024 0
31. mars 2024 0