4. mai 2015 Anne Kultur, Næring 0
Det boblar og brusar i det nyoppattstarta bryggeriet Små Vesen i Valdres, nærare bestemt i Aurdal. Etter nesten to år med førebuingar og oppbyggjing av bryggeriet, er det no klart for storproduksjon i det gamle fjøset på Anmarkrud gard.
Kristian Peter Belsheim, opprinneleg frå Vang og ivrig heimebryggar, er tilsett som dagleg leiar og bryggerisjef i bryggeriet. «Då me fekk vite at Kristian var lysten på å flytte heimatt frå Oslo til Valdres og såleis ute etter jobb, var vegen kort for å høyre om han ville leie dagleg drift i bryggeriet», seier Espen Blåfjelldal frå Bagn. Han har drive bryggeri før, og veit det krev mykje arbeid og merksemd. Knut Kulhuset frå Aurdal har leia mesteparten av oppbyggingsarbeidet kring det nye bryggeriet, og er stolt av korleis det no framstår. «Det har vore særs mykje jobb, og eg har hatt mykje hjelp frå andre folk og bedrifter i bygda. Det er godt å sjå at alle timane og alt slitet no endeleg kan resultere i at me produserer øl i bryggeriet», seier Kulhuset.
Mykje av bryggeriutstyret er henta frå det tidlegare bryggeriet Små Vesen i Bagn, der Espen dreiv ølbrygging for nokre år sidan. «Det er ikkje mykje å kjenne att frå den tida», fortel han. «Her på garden Anmarkrud har me bygd om ein gamal driftsbygning kun for bryggeriformål. Vatn, avløp, straum, ventilasjon er lagt opp for å drive bryggeri, og for å kunne ekspandere produksjonen framover.»
Karane er alt i gang med brygginga, og har allereie sett eit par prøvebrygg på tankane. I desse dagar fullførast tappelinja, slik at ferdig modna øl kan tappast på flaske. Om alt går som det skal med gjæring, bevillingar og godkjenningar vonar dei å ha øl i butikkhyller i Valdres før sumaren.
«Hovuddistribusjonen vår vil vere i Valdres», fortel Belsheim. «Me veit at valdrisane set stor pris på godt øl, og i sesongane flaumar det over av turistar og hyttefolk her i dalen». I Valdres finst like mange hytter som fastbuande, så her burde moglegheitene vere store for godt sal lokalt.
I dag kan bryggeriet produsere 1000 liter øl per brygging, og har gjæringstankar på tilsaman 4000 liter tilgjengeleg. Men planane om fleire og større tankar er allereie der. «Vi ynskjer å vere eit profesjonelt bryggeri i Valdres, større enn dei fleste mikrobryggeria som etablerer seg rundt omkring i Noreg for tida», fortel Belsheim. «Me har nok av konkurrentar, det å starte opp produksjon av øl er ikkje lenger så nisjeprega som det var for berre nokre få år sidan», fortel han.
Og karane har også lagt planar for aktivitetar ved sidan brygginga. «Me håpar at me etter kvart kan opne for arrangement og selskap. I tillegg til produksjons- og lagerlokale har me laga til stort og flott serveringslokale», fortel Kulhuset. «Ved langbordet kan ein betrakte gjæringstankar, tappelinje og utsyn både oppover og nedover i Valdres. Me har også bygd ein stor og flott veranda, så her skal det vonleg verte mogleg med utepils i sola», fortel han.
Om ølet får plass i butikkhyllene i Valdres, er karane klare for å levere øl frå juni. «Dei fyrste slaga vil vere ein versjon av pale ale, samt eit kveiteøl», fortel Belsheim. «Dette vert øl på 4,7 prosent, tilpassa sal i butikk. Me vonar å kunne lage meir variert øl etter kvart, og i tillegg levere til vinmonopol og festivalar i Valdres».
Med dagens oppsett satsar bryggeriet på å produsere ca 20 000 liter i 2015. Medan målsetnaden er på heile 100 000 liter innan eit par år. «Fyrst og fremst skal me brygge godt øl, og me skal ha ein stabil smak og kvalitet», seier Belsheim, «og har me godt øl som fell i smak vil me sjølvsagt produsere så mykje me kan av det», avsluttar han.
Foto: Cathrine Dokken
6. september 2024 0
31. mars 2024 0