Dugnad på Bagn Bygdesamling

\"Trygve,Tekst og foto: Gunhild Vegstein Leite

Torsdag 22.mai var ein dugnadsgjeng samla på Bagn Bygdesamling. Både tilsette og friviljuge brukte ettermiddagen og kvelden til å rake, vaske og montere utstilling til sesongopninga 14.juni.

Vegarbeidet ved Bygdesamlinga var kome såpass langt at det var klart for å rake og førebu såing av grasplen ved muren som no er sett opp. I august blir det kurs i å setje opp skigard, så då kjem skigarden opp att.

Husa trengde både vask og støvsuging innvendig etter vinteren.  14.juni er det sesongopning med familiedag og museumstemne. Tema i år er \”Grunnlovsjubileet – 1814 sett med lokale auge\”. Utstillinga som vart montert i Stabelbygninga vil vise noko av det.

Kvelden vart avslutta med ei enkel servering etter at Ole Aastad Bråten takka Kristian Bergsund for innsatsen i styret i Valdresmusea.

Foto over:  Trygve, Steingrim, Svein, Kristoffer, Knut og Mikael pynter mot E-16. 

Under:  Bjørg og Bjørg Ingrid kvier seg ikke for å svinge vaskekluten. 

\"Bjørg\"Bjørg

 

 

 

 

 

 

 

 

 

\"Dana \"Trond \"Per \"Ole

 

Comments

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

More posts