14. desember 2014 admin Bagn IL, Bygdeutviklingsprosjektet, Nyheter, Sør Aurdal kommune 0
Med støtte frå Sør-Aurdal kommune, har Bagn IL den glede av å arrangere ein heidundrande fest for deg som er ung i Sør-Aurdal. Me set maks grense på rundt 30 år fram til 15. desember, og opnar opp for øvrig ungdom etter dette.
Arrangementet er tenkt som ein årleg treffstad for unge i kommuna, med tilknytning til kommuna, som vil flytte til kommuna og som vil lære meir om kommuna. I år er dette arrangert av bolystprosjektet til Bagn IL og Espen Blåfjelldal arbeidar fram arrangementet etter instruks frå festkomiteen som er satt saman av ungdom frå heile kommuna. Neste år ynskje ein å legge arrangementet til ei anna grend, og flytte dette litt rundt for å få mest mogleg utbytte.
Bildetekst: 12. året: Romjulstreffen i Vang for dei i aldersgruppa mellom 19 – 30 år samla i år 184 deltakarar.. FOTO: Hallgrim Rogn
Arrangementet har inspirasjon frå Romjulstreffen i Vang, der det i fjor var 184 stk som deltok. I Sør-Aurdal har me i år 70 plassar, så det er førstemann til mølla.
Me startar med vorspiel med veldig hyggelege prisar fram til kl 21, fortsett med tapas, quiz og festen ender ut i dei seine nattetimar. Arrangementet koster kroner 100 per person, og inkluderer velkomstdrink, tapas, underholdning/musikk og deltagelse på julens gladeste happening.
Prisen er den samme for heile kommuna, og det det er inkludert buss i billetten når du kjem frå Hedalen, Begnadalen og Hølera. Du kan melde deg på ved å klikke her: https://www.deltager.no/romjulsfestbagn
kl 19.00 oppstart
kl 20.00 Tapas
kl 22. Quiz
kl 01.00 avslutning
kl 01.30 heimreise
Sosialt: Knut Lerhol hadde lurt med seg Kristin Venås frå Hemsedal som følge på årets treff i Vang. Foto: Hallgrim Rogn
6. september 2024 0
31. mars 2024 0