Kvart år held Kirkens Nødhjelp ein innsamlingsaksjon mot slutten av fastetida i kyrkjeåret. Fastetida er frå gamalt meint å vera ei tid der ein gjev avkall på nokre gode ting, for å samle tankane om Jesu veg mot liding og død.
Det vi gjev avkall på, kan gje rom for å yta noko ekstra til dei som er i naud på eit eller anna vis.
I fleire år har konfirmantane i Leirskogen, Reinli og Bagn hatt denne innsamlinga som ei av oppgåvene i konfirmasjonstida. I år er Leirskogen utan konfirmantar, men konfirmantane i Bagn og Reinli står klare til å gå frå dør til dør med innsamlingsbøssa i øvre del av kommunen. Hovudinnsamlinga i år vil gå om ettermiddagen måndag 18. mars. Innsamlinga er skuvd ein dag fram i forhold til det som er kunngjord i menighetsbladet!
Konfirmantkullet dette året er litt mindre enn det plar vera, men andre kan kanskje vera med og hjelpa til, så flest muleg kan få besøk.
Dei som ikkje vert nådde av innsamlarane, kan likevel gje si gåve. Her er tre måtar å gjera det på:
nytte kontonummer 1594 22 87493
sende GAVE på sms til 2468 (200 kroner)
Ringje gjevartelefon 820 44 088 (200 kr)
Pengane som blir samla inn, går til Kirkens Nødhjelps arbeid over heile verda.